onsdag 28. oktober 2009

Vi feirer haust i Gran Canaria!

Tidelegare på bloggen til broren min, blei det lagt ut om haustfesten på Colegio Noruego. Der var det mange klasser som opptredde, blant anna 7. . Som 3. og 4. , hadde vi og mange ting og vise fram. Fyrst sang alle (unntatt eg som spelte gitar) Hallelujah. Etter dette hadde vi eit innslag der ei jente i klassa spelte Gølvstrengen på piano, (eg trur vert fall det var det songen heitte). Der etter kom ein sketsj, så ein solo-opptreden med tenke sjæl, og så den siste sketsjen.


Der blei seld mykje kaker, ja omtrent 600 kakestykke! Fordi alle familiane til alle på skulen skulle ha med ei kake kvar! Resultatet vart alt for mange mette magar. Det positive med dette, var at alle klassene fekk ca tre kaker kvar i matpausa, og det kan vi ikkje klage over :D.

3 kommentarer:

  1. Mykje bra kake, mykje bra underhaldning og mykje triveleg selskap denne kvelden. Og ikkje så dumt med ein haustfest under open himmel en varm ettermiddag! Eller kva, Mathilde?

    SvarSlett
  2. Er du så flink på gitar? Då kan du spele for oss i sommar på hytta? Eller kanskje legge ut ein snutt her?

    SvarSlett
  3. Jeg som er så glad i kaker, skulle ha vært der og spist sammen med dere. Det skal forresten bli artig å høre deg spille gitar, Mathilde.

    SvarSlett