onsdag 14. oktober 2009

Holetur med mellomtrinnet

Måndag den 5. oktober skulle mellomtrinnet ved Colegio Noruego ut på tur.

Vi kjørte fyrst til ein park, der var det blant anna var mykje tre og blomar. Etter og ha sett oss litt om, fant vi og nokre dyr, det var både struts og geiter + nokre påfuglar.

Etter denne korte visitten, kjørte vi til byen Quatro Puertas, som betyr 4 opningar. Midt i dene byen er det eit heilagt fjell-det heiter og Quatro Puertas. Dette er eit helagt fjell for dei som bur her, og om ein øydelegger noke der får ein 6 månar til 6 år i fengsel, alt etter kor stor skaden er.

Den fyrste hola vi drog til, er denne Quatro Puertas hola, som dokke sikkert har forstått er det ei hole med 4 opningar. Hit drog damene før i tida for og sjekke om dei var klare til og gifte seg.

Så gjekk vi vidare oppover til den eigentlige heilage plassen. Der var der eit lite flatt området, der det seies at innbyggarane i byen ofra til guden sin. Dei ofra blant anna melk, som dei hellte ned i ei innhogd renne.

Etter dette igjen gjekk vi på andre sida av fjellet, frå denne plassen var det svært fin utsikt. På heile sida av fjellet var det massevis av små og store holer, ja det var som og vere i ein stor lavastein. Holene gjekk inn i fjellet, og ut av fjellet, der var store holer, med små holer inni. Nokre holer var langt inne i fjellet, og andre var ganske kort. Vi åt der og kvilte litt før vi satte oss i bussen igjen.

Den siste plassen var og på eller i eit fjell, men den kanskje største forskjellen var at her budde det faktisk folk no! Folka budde halvt utanpå, og halvt inne- kanskje mest inne i fjellet. Utanfrå såg vi kanskje ein tram, nokre blomar, litt vindu og nokre dører, men så fekk vi komme inn i huset til ein mann, og der var det opp til to rom bak kvar ytterdør. Og det at dei bur i fjellet eit lite stykke frå andre folk treng ikkje bety at dei bur umoderne, for dei hadde TV og kjøleskap + elektrisk lys både på bord og i taket. Det einaste var kanskje at der var litt dårleg plass.

Sist, men ikkje minst var kyrkja på den lille plassen. Denne kyrkja har ein mann bygd på 17 år! Akkurat som husa til innbyggarane på plassen, var det bare døra som syntes på utsida av kyrkja-resten var inni. Det var ei veldig fin kyrkje, med både preikestol og alter, ja til og med skriftestol i, og alt var laga av den samme brune leira.

Etter alt dette, kjørte mellomtrinnet tilbake til skulen. Eg synst det var spennande å sjå folk budde oppi fjella, og det var artig å gjere noko anna med klassa.




7 kommentarer:

  1. Veldig fin forteljing, Mathilde. Du er flink til å uttrykke deg både munnleg og skriftleg. Eg gler meg til å lese fleire innlegg her på bloggen din!

    SvarSlett
  2. Fantastisk flott Mathilde.. du er kreativ og god til å skrive...arti å høre hva dere driver på med....
    Jeg er i oslo..men skal snart ta fly til trondheim og hjem til Bergen på fredag..Hils masse til de andre...klem tante mMrit

    SvarSlett
  3. Så flink du er blitt til å skrive, Mathilde. Dette gleder jeg meg til å følge med på.

    SvarSlett
  4. Hola Mathilde. Que historia interesante. ¡Tienes un blog muy bueno!

    SvarSlett
  5. Flott blogg du har! Inspirerende for oss som ofte besøker Gran Canaria, men er for lite flinke til å bevege oss vekk fra solsenga og bassengkanten :)

    SvarSlett
  6. Høyrest ut som du har det kjekt i Gran Canaria

    Bendik frå klassa :)

    SvarSlett