Sjølv om vi er i Gran Canaria, så går vi på skule. For augeblikket er

vi- eg, Eirik og Idun, elevar på privatskulen Colegio Noruego, som betyr Nen norske skulen. I 7 klasse, som er klassa mi, er vi 18 elevar

- flest gutar.
Skulen er ikkje så annleis Øyra, bortsett frå at vi har ei anna ordning i drikke: vi har vannlappar, vi kan kjøpe eit vannkort der det er 21 vannlappar, om vi er tørste er det bare å levere ein vannlapp, og dermed får vi ei flaske med vatten.
Ein anna forskjell, er at her har vi det som kalles FLEX. FLEX er leksetimar der vi kan gjere arbeidet vårt. Om vi har 5 godkjente FLEX på 2 veker, får vi gå klokka 11 på fredagen den andre veka, om vi da i tilegg har gjort alt vi skal på skulen da. Vi må og gjere ei vurdering av alle faga, og ei vurdering i orden og oppførsel, dette gjer vi i Solboka.
Eg har og eit nytt fag, som er frivillig, her nede har eg nemmeleg spansk. Siden eg

har gått på spansk skule i ca eit og ei halvt år, vert det for lett for meg og lære "hei, kva heiter du?" om igjen, derfor har eg spansk med dei som har hatt faget i eit år. Til no har vi lært kva vi gjer fra vi står opp om morgonen til vi kjem heim frå skulen og gjer lekser.
Men den kanskje aller største forskjellen frå heime, er at her går heile barneskulen, heile ungdomstrinnet og vidargåande på den same skulen! Og likevel er det bare ca 250 elevar på heile skulen!
På biletet er skulegården vår, heilt til høgre, nærmast oss, ute av biletet ligg klasserommet mitt.