onsdag 28. oktober 2009

Pollyboy!

En liten smakebit av kva vi driv med på fritida:

Mamma og pappa er ute og handlar, og dermed er dei 3 eldste barna i familien Sjøhelle/Eiksund
aleine heime. Eirik , som er den nest eldste av barna, sett ein av legofolka sine i den nye polly-vannsklia til Idun, og den sklir ned i ei stor fart. Dette sett Mathilde, som er den eldste av alle søskena, på ein ide:"vi lage en film da!" Dette vert fulgt av stor begeistring frå dei andre to, og dei sett i gong:

Som dokke kanskje ser i filmen, så er alt satt saman av bilete. Desse bileta er tatt med Mathildes nye kamera, og dei er tatt av ho. Men det treng ikkje å bety at dei andre ikkje har deltatt; det var Eirik som ga ideen, det er hans lego, og mange av ideane er fra han. Og når det gjeld Idun, så er det hennes polly, ho har vore med og bestemt namn på figurane, og det aller siste biletet var hennar ide, dessuten tilhøyrer blant anna hovudpersonen ho.

" Det har tatt ei stund og lag filmen", fortel Mathilde:" vi har tatt alle bildan, så har vi lagt bildan inn på PCen, og til slutt redigert den" seier ho vidare, " men den blei no færdig til slutt, og det e det viktigste." Og det er vi einige i, her er filmen:

Vi feirer haust i Gran Canaria!

Tidelegare på bloggen til broren min, blei det lagt ut om haustfesten på Colegio Noruego. Der var det mange klasser som opptredde, blant anna 7. . Som 3. og 4. , hadde vi og mange ting og vise fram. Fyrst sang alle (unntatt eg som spelte gitar) Hallelujah. Etter dette hadde vi eit innslag der ei jente i klassa spelte Gølvstrengen på piano, (eg trur vert fall det var det songen heitte). Der etter kom ein sketsj, så ein solo-opptreden med tenke sjæl, og så den siste sketsjen.


Der blei seld mykje kaker, ja omtrent 600 kakestykke! Fordi alle familiane til alle på skulen skulle ha med ei kake kvar! Resultatet vart alt for mange mette magar. Det positive med dette, var at alle klassene fekk ca tre kaker kvar i matpausa, og det kan vi ikkje klage over :D.

søndag 25. oktober 2009

Noko litt annleis

Desigual,- ja det er ordet, og namnet på ein spansk kleskjede. Desigual tyder annleis, og det kan vi da forstå, fordi kleda på butikken er, ja-annleis.

Fyrste gongen eg satte foten min i denne butikken, var i påska 2009. Eg syntest at kleda veldig stilige, og annleis. Der var så mykje fargar, og eg fekk inntrykk av at dei kleda eg gjekk i, var kjedelige og grå. Og der er ikkje bare kule kle, men til og med kleslappane er annleis! Dei er av stoff, og med massevis av kule dekorasjoner, og den dagen er får nok, skal eg lage veske av dei.

No som vi er her igjen, har vi tatt eit par turar innom Desigual, og for fyrste gong har eg handla der! "Viss du likte kleda så godt, kvifor kjøpte du dei ikkje i påska da?", er det sikkert mange som tenkjer no, men kleda på Desigual er så spesielle, og dei er sydd på ein litt annleis måte, og dermed er dei litt dyrare enn det eg vanlegvis kjøper. Men no har vi vore på sal!

Men altså, mine kle fra Desigual:


Bilete 1: Dette er lappane eg samlar
Bilete 2: Mamma og pappa har òg handla hos Desigual.
Bilete 3: Denne genseren var den først eg kjøpte.
Bilete 4: Dette er det nyeste plagget eg har kjøpt, ein kjole
.

tysdag 20. oktober 2009

Colegio Noruego

Sjølv om vi er i Gran Canaria, så går vi på skule. For augeblikket er vi- eg, Eirik og Idun, elevar på privatskulen Colegio Noruego, som betyr Nen norske skulen. I 7 klasse, som er klassa mi, er vi 18 elevar - flest gutar.

Skulen er ikkje så annleis Øyra, bortsett frå at vi har ei anna ordning i drikke: vi har vannlappar, vi kan kjøpe eit vannkort der det er 21 vannlappar, om vi er tørste er det bare å levere ein vannlapp, og dermed får vi ei flaske med vatten.

Ein anna forskjell, er at her har vi det som kalles FLEX. FLEX er leksetimar der vi kan gjere arbeidet vårt. Om vi har 5 godkjente FLEX på 2 veker, får vi gå klokka 11 på fredagen den andre veka, om vi da i tilegg har gjort alt vi skal på skulen da. Vi må og gjere ei vurdering av alle faga, og ei vurdering i orden og oppførsel, dette gjer vi i Solboka.

Eg har og eit nytt fag, som er frivillig, her nede har eg nemmeleg spansk. Siden eg har gått på spansk skule i ca eit og ei halvt år, vert det for lett for meg og lære "hei, kva heiter du?" om igjen, derfor har eg spansk med dei som har hatt faget i eit år. Til no har vi lært kva vi gjer fra vi står opp om morgonen til vi kjem heim frå skulen og gjer lekser.

Men den kanskje aller største forskjellen frå heime, er at her går heile barneskulen, heile ungdomstrinnet og vidargåande på den same skulen! Og likevel er det bare ca 250 elevar på heile skulen!

På biletet er skulegården vår, heilt til høgre, nærmast oss, ute av biletet ligg klasserommet mitt.

fredag 16. oktober 2009

Haustferien startar

I haustferien har vi vore ein tur i fjella. Da vi fant ut at hotellet vi skulle på var stengt pga. oppussing, bestemte vi oss for at det var like greit og dra ein tur oppover. Vi har aldri vore på Roque Nublo om kvelden, men ein gong må vere den fyrste. Det var herleg og ikkje alltid ha sola i nakken, og på toppen hadde vi ei nydeleg utsikt over alle dei andre fjella.

Etter dette kjørte vi ned frå fjellet mot Cruz Tejeda, det var på denne turen eg tok biletet som er i hovedoverskrifta mi.

Etter og ha kjørt ei stund i tåka, tok vi det aller siste rommet på hotellet Parador -dette er eit hotell eg anbefaler! Sjølv om vi bare hadde eit rom, og vi er 6 personar, så var der god, mat som blei servert på rommet, og vi hadde ein heil tram av flis for oss sjølve.

torsdag 15. oktober 2009

Hallelujah

Hallelujah, det er tittelen på songen eg spelar på gitar for tida. For på haustfesten - som er kort etter haustferien, skal 7. klasse ved Den norske skulen framføre denne songen.

Gitarener lånt av Stein Arne, som erein god venn av familien frå den gong vi budde her fast.

"Hallelujah"
Now I've heard there was a secret chord
That David played, and it pleased the Lord
But you don't really care for music, do you?
It goes like this
The fourth, the fifth
The minor fall, the major lift
The baffled king composing Hallelujah
Hallelujah
Hallelujah
Hallelujah
Hallelujah

onsdag 14. oktober 2009

Holetur med mellomtrinnet

Måndag den 5. oktober skulle mellomtrinnet ved Colegio Noruego ut på tur.

Vi kjørte fyrst til ein park, der var det blant anna var mykje tre og blomar. Etter og ha sett oss litt om, fant vi og nokre dyr, det var både struts og geiter + nokre påfuglar.

Etter denne korte visitten, kjørte vi til byen Quatro Puertas, som betyr 4 opningar. Midt i dene byen er det eit heilagt fjell-det heiter og Quatro Puertas. Dette er eit helagt fjell for dei som bur her, og om ein øydelegger noke der får ein 6 månar til 6 år i fengsel, alt etter kor stor skaden er.

Den fyrste hola vi drog til, er denne Quatro Puertas hola, som dokke sikkert har forstått er det ei hole med 4 opningar. Hit drog damene før i tida for og sjekke om dei var klare til og gifte seg.

Så gjekk vi vidare oppover til den eigentlige heilage plassen. Der var der eit lite flatt området, der det seies at innbyggarane i byen ofra til guden sin. Dei ofra blant anna melk, som dei hellte ned i ei innhogd renne.

Etter dette igjen gjekk vi på andre sida av fjellet, frå denne plassen var det svært fin utsikt. På heile sida av fjellet var det massevis av små og store holer, ja det var som og vere i ein stor lavastein. Holene gjekk inn i fjellet, og ut av fjellet, der var store holer, med små holer inni. Nokre holer var langt inne i fjellet, og andre var ganske kort. Vi åt der og kvilte litt før vi satte oss i bussen igjen.

Den siste plassen var og på eller i eit fjell, men den kanskje største forskjellen var at her budde det faktisk folk no! Folka budde halvt utanpå, og halvt inne- kanskje mest inne i fjellet. Utanfrå såg vi kanskje ein tram, nokre blomar, litt vindu og nokre dører, men så fekk vi komme inn i huset til ein mann, og der var det opp til to rom bak kvar ytterdør. Og det at dei bur i fjellet eit lite stykke frå andre folk treng ikkje bety at dei bur umoderne, for dei hadde TV og kjøleskap + elektrisk lys både på bord og i taket. Det einaste var kanskje at der var litt dårleg plass.

Sist, men ikkje minst var kyrkja på den lille plassen. Denne kyrkja har ein mann bygd på 17 år! Akkurat som husa til innbyggarane på plassen, var det bare døra som syntes på utsida av kyrkja-resten var inni. Det var ei veldig fin kyrkje, med både preikestol og alter, ja til og med skriftestol i, og alt var laga av den samme brune leira.

Etter alt dette, kjørte mellomtrinnet tilbake til skulen. Eg synst det var spennande å sjå folk budde oppi fjella, og det var artig å gjere noko anna med klassa.




tysdag 13. oktober 2009

På reise til Gran Canaria

Den 28 september 2009 drog familien Sjøhelle\Eiksund ut på tur. Målet var å nå fram til Gran Canaria, der vi tidlegare har budd i to år. Etter å ha tatt tog til Torp starta vi den longe flyturen. Fyrste stopp etter Torp var på flyplassen København, der etter Madrid, og så endeleg til Las Palmas. Dei neste 6 vekene skal vi bu på Los Teques, som er internatet til Colegio Noruego.


På biletet: meg, Eirik og Sigurd på flyet.