tysdag 3. november 2009

Nok ein holetur

Det vert ein del holeturar på oss, og i helga var vi oppe i nokre holer der ein kan bu, og det gjorde vi, plassen heiter Aula de la Naturaleza la Canal.

Vi kjørte på fredagen til midten av øya, ikkje langt fra Roque Nublo, som eg har skrive om tidligare. Det var ingen kort kjøretur, men som dei fleste sikkert har forstått, så kom vi fram.

Det er ikkje vanlege holer som dei eg tidelegare har skrive om, nei desse holene innehalt senger, hyller og andre møblar. På vårt rom var det 10 senger+reisesenga til Sigurd og ein komode. Det kanskje mest spesielle med romma, er at dei er jo inne i fjellet!

Vi var her til søndag, -som er min bursdag- og i desse dagane solte vi oss, vi bada, eg spelte gitar, og perla med ei god venninne som og var der med familien sin.

Det var nemleg også andre familier som var der i helga, og av dei fekk eg gode venner, norske og franske. Og der var massevis av kattar, som gjekk rundt om kring og høyrte på at vi spelte gitar, og spiste opp matrestane våre, det var kanskje ikkje alle som ville bli kosa med, men søte ar dei no uansett.

Dette er ei oppleving eg er glad at eg fekk vere med på, og eg vil gjerne gjere det igjen.